Bedre norsk

Aktuelt 

 

 

   Om å bøye seg i hatten

Mange snubler i ord og uttrykk (VG, 5. jan.)

 

   Er norsk bakstreversk? 

MÅ vi skrive vitenskapelig på engelsk? (Aftenposten, 4. jan.) 

 

    Spiser du skjøttkaker? 

Hva skjer når lyder forsvinner fra et språk? (Dagbladet, 2. jan.)

 

 

 

Kunsten å skrive nynorsk

 

 

Bedre norsk har mykje røynsle med nynorsktekstar, både med korrektur, språkvask og omsetjing frå bokmål til nynorsk.

 

Med den nye rettskrivinga i nynorsk frå 2012 er det slutt på skiljet mellom hovudformer og sideformer (klammeformer); alle formene i rettskrivinga kan brukast fritt. Det er elles endringar i mange skrivemåtar og bøyingar, og framleis er den nynorske målforma rik på variantar og valfrie former. Det er du som kunde som vel om du vil ha ein konservativ eller radikal stil på teksten din. 

 

Bedre norsk har grundig kunnskap om alle valformene, og om konservativ kontra radikal stil. Moment å tenkje på er:

 

  • a- eller e-infinitiv (eller kløyvd infinitiv)
  • pronomenformer som "me" eller "vi"
  • verbformer som "gir", "blir", "tar" kontra "gjev", "vert", "tek"
  • an-, be-, -heit, -else eller norske former (jau, ein god del av "anbeheitelse"-orda er lovlege i nynorsk.)

 

 

 

 

 

 

 

 

"Eit ord, eit vyrdlaust lite ord, kan sløkkja mykjen fagnad."

 

Anders Hovden